Heltar på fire hjul

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?


– Dei er heltar, seier May Omland når ho skal forklara korleis folka hennar i heimetenestene taklar pandemien. Men når koronaeffekten slår til for fullt kan dei trenga all den hjelpa dei kan få, både frå helseutdanna, naboar og pårørande.


På hjul: Ein bil sto igjen i garasjen under Holtbygget i Kverndalen. Dei andre rullar rundt for å hjelpa innbyggarane i kommunen. Leiaren for heimetenestene, May Omland, må noko uvant posera som pleiar på veg ut i felten.

Tekst og foto: Arne Olav Hageberg

– Når vi får smitta brukarar, korrigerer fagsjefen. Eg har nett spurt om dei har tiltak klare dersom dei får brukarar med korona. Men saka er jo at dei kjem til å få det, heilt garantert. Og kva gjer dei då? Smittevernutstyret ligg parat, kan ho fortelja. Dei har ein del, og ventar meir snart. Foreløpig har dei ikkje behøvd å ta det i bruk, men det er bare eit tidsspørsmål.

Ustrekte hender

Heimetenstene. Det ligg i namnet. Dette er kommunen sine utstrekte hender til innbyggarane. Dette er dei gode augo, stemmene og nevane som kjem heim til deg. Dei kjem når livet av ein eller annan grunn er blitt slik at du ikkje sjølv maktar å handskast med alt. Dei spør ikkje om du er 20 eller 100. Er du sjuk, får du medisinar. Treng du mat, får du måltid. Kanskje har du eit sår som må stellast jamleg. Må du ha hjelp til å gå på do, køyrer dei heim til deg fleire gongar om dagen og hjelper deg med det.
Og leiaren kallar dei heltar. Fordi dei held motet oppe midt i ein utsett posisjon, fordi dei er fleksible og løysingsorienterte, og fordi laget hennar dei siste vekene har vist ei formidabel dugnadsånd.
– Det er no vi lærer kva organisasjonen kan, den viser enorm kraft og kapasitet, fortel Omland.
Kraft og kapasitet vil dei få bruk for. Dei førebur seg på at mange også blant dei tilsette, kan bli sjuke eller koma i karantene i april og mai. No riggar dei om heile tenesta for å sikra at dei kan ta seg av dei som treng det mest når pandemien slår inn for alvor.

I karantene

Dei fekk ein forsmak allereie då koronatiltaka blei sett i verk for eit par veker sidan. Då hamna mange av dei tilsette i karantene. Dei viste seg å vera friske, men utanlandsturar og andre potensielle smittesituasjonar gjorde at dei måtte halda seg heime dei føreskrivne 14 dagane.

Ein annan konsekvens var at May Omland måtte gjera noko ho aldri har gjort før – ikkje i alle sine 25 år i bransjen. Ho måtte skriva eit fellesbrev til brukarane og fortelja at mange av dei kom til å få ei redusert teneste. 2000 personar fekk brevet. For å auka bistanden hos brukarar meg høg risiko, som lungesjuke og dei med kreft eller høgt blodtrykk, må tilbodet til andre brukarar bli redusert. Dei som er i risikogruppene treng ekstra reinhald og annan oppfølging, mellom anna for å unngå at dei må leggast inn på sjukehus. Brevet signerte ho med eige namn, e-post og mobilnummer. Det er heller ikkje vanleg.
– Dei tilsette var allereie er så pressa at dei ikkje trengte ein kø med telefonar frå brukarar. I tillegg tenkte eg at det kan vera bra sjølv å få høyra korleis folk opplever situasjonen.

Mange har ringt, men ingen er sinte. Dei seier dei skal prøva å klara seg så godt dei kan åleine. Nokre vil ha hjelp til å vurdera kva dei må ha hjelp til.
– Vi reduserer talet på besøk til dei vi kan, for eksempel frå fire til to.
– I veka, eller …?
– Om dagen, smiler Omland.

Tørkerull og flytande handsåpe

Ofte er det ikkje så mykje som skal til. Det viktigaste tiltaket er god hygiene. Difor er det viktig at alle som får hjelp av heimetenestene i denne spesielle tida har flytande handsape ståande framme saman med tørkepapir. Då er ein sikker på at dei som er innom får vaska seg ordentleg før og etter besøket.

May Omland er også prosjektleiar for det som handlar om digitale hjelpemiddel i kommunen sine helsetenester. Ingenting kan erstatta besøk av eit levande menneske som bryr seg. Men når det er knapt med sjukepleiarressursar kan det for eksempel vera god hjelp i ein digital dosett som leverer ut medisinar automatisk og sjølv seier frå over internett om noko er gale. Tryggleiksalarm er eit kjent hjelpemiddel for mange. Og GPS-sporing på demente kan verna pasientane frå skade og pårørande for mykje uro.

Alle kan gjera noko

Men viktigare enn dei digitale hjelpemidla er folk, eigentleg alle som er del av nettverket rundt den pleietrengande. Når heimetenestene no må redusera tilbodet, er Omland oppteken av å mobilisera den gode naboen eller venen.
– Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera noko. Ein kan tilby seg å handla for dei som ikkje kjem seg ut, eller ringa og høyra korleis det går, seier ho, og nemner at Menstad frivilligsentral registrerer og koordinerer dei som vil hjelpa til (sjå lenke under saka).
– Det vi vanlegvis gjer, med å vera heime hos folk, er veldig verdifullt. Kontakt med andre er eit basalt behov. Når vi no må kutta ned er det endå viktigare enn elles at familie og nettverk held kontakten. Men vi må gjera det på ein trygg måte. Kanskje ein bare kan vinka gjennom vindauga, eller følja med om naboen framleis hentar posten på den faste tida. Er det lys i vindauget?

Godt på Skiens-laget

Under paraplyen «heimetenestene» skjuler det seg eit omfangsrikt kommunalt tilbod. Rund 330 av dei rundt 700 som jobbar her er heimesjukepleiarar eller heimehjelpar. Men i tillegg driftar avdelinga fleire spesialiserte tenester, som demensteamet, eit ergo-/fysioteam, ei dagavdeling for somatikk og tre for demente, ambulerande kreft-team og tenestekontoret.
– Det er godt å vera på Skiens-laget, poengterer tenesteleiaren. – Vi samarbeider godt med sjukehuset, som ligg rett borti her, vi har gode kommunelegar og ein enorm kommunal tenesteportefølje.

Også personalavdelinga i kommunen (HR) er involvert i «koronaarbeidet». Dei held oversikt over folk med helseutdanning som til vanleg jobbar innan andre felt, men som vil vera med å bidra på helsefeltet i den aktuelle situasjonen. Her er det også råd å melda seg til teneste.
– Vi treng å få tak i helsepersonell! understrekar May Omland, og fortel at kommunen si kvalitetsavdeling på rekordtid har utvikla eigne kurs for folk som på kort varsel må finna tilbake til helsetenestekunster som dei ikkje har praktisert på ei stund.
– Det er kjekt at Skien er stor, understrekar ho igjen. – Vi har mange som kan tenka på kva som trengs og vera med å utvikla det.

Vil du registrera deg som frivillig kan du gjera det her.

Publisert: 26.03.2020 15:16
Sist endret: 09.06.2020 13:35