Åpningsseremoni: Supporting Act - WOUND WORLD

Innhold

Spriten kunsthall, Tømmerkaia 19, Skien. Fredag 13. november kl 19.00

Wound World FB Event Light

WOUND WORLD
SUPPORTING ACT

Åpningsseremoni (i samarbeid med Nylyd)
Fredag 13. november, kl 19:00
ØYVIND HELLNER + SUPPORTING ACT
Etterfest på Sykkelbryggeriet med SUPPORTING ACT DJ-set fra kl 23.
Utstillingen er åpen onsdag - søndag kl 12-16, frem til 13. desember 2026.
SUPPORTING ACT er eit samarbeidsprosjekt mellom Kornelia Remø Klokk og Snorre Sjønøst Henriksen. Prosjektet overskrid grensene mellom konsert, installasjon og performance. Målet med prosjektet er å ta publikum inn i eit sonisk landskap dei har døpt Xenosfæren; ein representasjon av absolutt annaheit.
I tårnet på Spriten Kunsthall viser SUPPORTING ACT ein ny performance og separatutstilling med tittelen WOUND WORLD. Prosjektet handlar om å ta svartmetallens nihilisme til sin ytste konsekvens; visjonen om eit absolutt intet er allereie ein ting-i-seg-sjølv, som eigentleg ikkje let seg teleologisk begrense. Gjennom ein negativ liturgi tilnærmar dei seg xenos - det framande; ei erfaring som ligg bortenfor rasjonelle dikotomier, som for eksempel veren eller ikkje-veren. WOUND WORLD er ein invitasjon til publikum om deltakelse i Xensofæren.
Under eit arbeidsopphold på BEK tidlegare i år såg Supporting Act blant anna på runestavar funne under Mariakirke-almenningen. Ein av dei hadde ein inskripsjon på latinsk, men skrevet i futhark-alfabet: «Currat pia crux et passio Christe, qui me plasmavit et sacrabat Vulnera quinque Dei sint medicina.».
«Må Guds fem sår vere min medisin»
Utover fascinasjonen over korleis sårmotivet forplanta seg i den liminale fantasien mellom folklore og den relativt unge kristendomen i Noreg på 1300-talet, er utstillinga WOUND WORLD tiltrukket av det paradoksale i korleis såret, fråveret, forbindelsen mellom liv og død, eigentleg opererar. Vi finn oss sjølv i ein mystisk tradisjon der såret fungerar transformativt, gjennom avkledning, ikkje-viten, tap av kontroll og ekstase, visualisert i kraft av digital okkultisme, memes, steinsirkler og ritualistiske motiv.
SUPPORTING ACT debuterte på Vigelands Mausoleum, vårjevndøgn 2024, etterfulgt av ein performance på Høstutstillingen same haust. Våren 2026 presenterte dei Under Helvete i kjelleren på Neseblod Records; det som ein gong var norsk svartmetalls krybbe: Helvete, der sjangeren og dens blodige mythos blei definert på tidleg 90-tal. Dette var den fyrste konserten i det legendariske lokalet sidan den gong.

NB! Utstillingen er kun tilgjengelig via trapper. 

Til toppen